Saturday, 22 August 2026

Knut Ødegård: 'Det hemmelege, det går langsamt'

 


Det hemmelege, det går langsamt

 

Dei gamle syklar finst i kjellarane 

inst i eit fuktig mørker

og på lofta: dekte av eit tynt lag

av det tørre lyse støvet. Syklar med hjula stivna

i den siste dreining dei stod i for dei vart forlatt,

gjevne over til inntørkinga eller oppløysinga

i våt rust: Den hemmelege nedbrytinga, den langsame.

 

Eikene, utspilte frå sentret, usynlege

i høg rørsle ytste fart. Om nettene: dynamoen

kopla inn til den seige gummien, det ujamne lyset

flakkar etter vegen.

Eit fint nett av tynt spinn har lagt seg over eikene,

gummien svulle ut i mørke skorper under dei tynne

klebrige trådane: Små tørre venger klistra fast,

det er vanskeleg å få auge på det svarte insektet.

 

Eg sit med eit fotografi av far. Han har stige ned

av sykkelen som han stør tett inn mot kroppen:

Fingrane strammar om styret.

 

 

What is secret is slow in moving

 

The old bicycles stand in basements

deep in dank darkness

and in the attic: covered by a thin coating

of dry light dust. Cycles with wheels stiffened

in the final turn taken before being deserted,

abandoned to mummifying or dissolving

in wet rust: The secret, the slow decomposition.

 

The spokes, bulging out from the hub, invisible

in swift motion at top speed. At nights: the dynamo

thumbed over onto the tough rubber, the irregular light

flickering for the road.

A fine tracery of thin spider’s web covers the spokes,

the rubber swollen out in dark scars under the thin

gluey strands: Small dry wings are stuck fast,

it is difficult to catch sight of the black insect.

 

I sit with a photograph of my father. He has just got off

the bicycle which he props up close to his body:

His fingers grip the handlebars.

 

No comments: